Publisert:

Frist er satt til:

25. august 2018

Ryland – B11/B15

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Ryland – B11/B15 i Meland kommune med plan-ID 1256 2017 0001.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Sandland Holding as er tiltakshavar. Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Ryland ved FV 248 Eikelandsvegen. Sørvestleg del av området er hovudsakleg eit utmarksområde med høg skogbonitet, medan den nordaustlege delen består av spreidd bustad og drivhus.

Planområdet er i gjeldande kommuneplanen i hovudsak sett av til framtidig bustad og til LNFR-areal. Mindre delar av området er sett av til areal for eksisterande bustad. Store delar av LNFR-arealet er råka av omsynssone for landbruk. Planområdet overlappar delvis sikringssone for verneplan for Rylandsvassdraget i søraust. Langs fylkesvegen ligg støysone.

Planområdet er i kommuneplanens arealdel 2015-2027 i hovudsak sett av til areal for framtidig bustad (felt B_11 og B_15) og til LNFR-areal. Mindre delar av området er sett av til areal for eksisterande bustad. Store delar av LNFR-arealet er råka av omsynssone for landbruk (H510_2). Planområdet overlappar delvis sikringssone for verneplan for Rylandsvassdraget i søraust (H190_1). Langs fylkesvegen ligg støysone (H210 og H220).

Deler av området inngår i plan for Leirdalen (plan-ID: 1256 2003 1030), og er i gjeldande plan regulert ulike føremål knytt til vegareal.

Planarbeidet løyser ikkje ut krav om konsekvensutredning.

Plangrensa kan bli redusert i den vidare planprosessen.

Planarbeidet sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for bustader innanfor felta B_11 og B_15. Felta er avsett til framtidig bustad i kommuneplanens arealdel. Tal på einingar er ikkje fastsett endå, men ein ser for seg ei kombinasjon av frittliggande og konsentrert småhusbusetnad.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlege behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Meland kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Meland kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 25.august 2018.

Vidare saksgong:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Meland kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

25. august 2018
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Fjellanger næringspark plankart kunngjering

Frist:

15. oktober 2023

Fjellanger næringspark, Alver kommune

I samsvar med plan og bygningslova (§12-8) varslast det oppstart av detaljreguleringsplan for Fjellanger næringspark, […]
Reguleringsendring Sætveit

Frist:

7. april 2022

Sætveit

Endring av gjeldande reguleringsplan Sætveit del av gnr. 332 bnr. 176 etter forenkla prosess. På […]
Varselkart Børøy

Frist:

22. februar 2022

Børøy

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert […]

Frist:

27. august 2023

Rollandslia bofellesskap, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan Åsane, Gnr. […]