RAN Seglbåthamn

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID OG NABOMØTE

I medhald av plan og bygningslova (pbl.) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for sjøområde ved RAN Seglbåthamn, gnr. 37 bnr.E2, 66 m. fl. – Anglavika, i Fjell kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
RAN seilforening er tiltakshavar.
Arkitektgruppen CUBUS AS saman med Ard arealplan as er konsulentar for planarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg i Anglevika, ved enden av Anglevikvegen.  I nord og aust grensar området til Austevågen. I vest til nausteområde og landsbruks-,natur- og friluftsområde. Planområdet er i dag bebygd og inneheld i hovudsak sjøareal, vegetasjon, nokre driftsbygg knytt til foreininga, og tilkomstvegar i samsvar med gjeldande plan, RAN Seglbåthamn (37) planID 19920003 og RAN Småbåthamn (37-8,226) planID 20060050.  Planområdet er på ca. 53 daa og er i kommuneplanen avsett til idrettsanlegg på land og til småbåthamn i sjø.

Aust for planområdet går kommunen sin hovudavlaupsleidning ut til Hjeltefjorden – noko ein må ta omsyn til.

Det er vurdert at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing. I samband med reguleringsarbeidet vil det verte utført registreringar under vatn om dei ulike tilhøva i hamnen.
Mellom anna vil ein sjå på botnforholda, (sediment, fauna og ev. forureining, og konsekvensar av utfylling i sjø i høve desse forholda og utgreie konsekvensar for utfylling i sjø nær opp til den offentlege avlaupsleidningen).

Planen sitt føremål vil vere:

    1. Sikre hamna til idrettslaget RAN seilforening då erfaring syner at anlegget i dag ikkje toler belastninga ved kraftig vind frå nord og bylgjer frå skipstrafikken i hovudleia inn til Bergen.
    2. Framtidig endring i klima er venta å forsterka effekten i punkt 1.
    3. Utvide anlegget for å kunne arrangere større nasjonale og internasjonale meisterskap.
    4. Regulere området til idrettsanlegg.
    5. Betre tilrettelegging for allmenn bruk med universell utforming.

Nabomøte:
I samband med planarbeidet vil vi kalle inn til nabomøte den 7.01.20. kl 19.00 i klubbhuset til RAN seilforening i Anglevikvegen 115. Her vil det bli høve til å stille spørsmål til dei nye tiltaka og planane.

Meir informasjon: www.ardarealplan.no  eller tlf. 55 31 95 00.
Ytterlegare informasjon om tiltaka ligg også på sida til www.ranseil.no.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Fjell (Øygarden) kommune. Alle mottekne dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Fjell (Øygarden) kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 7. februar 2020 som er sju veker grunna jul og nyttår.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Fjell (Øygarden) kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil do verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut