Otersteinen, Knappskog

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Otersteinen, gnr. 30, bnr. 688, m. fl. – Knappskog, i Fjell kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Landro byggservice AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as og Arkitekt Rolv Eide AS er samarbeidande konsulentar for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Otersteinen/Jonsen, like vest for Areknappen i Knappskog i Fjell kommune. Området grensar til område med einebustader, fleirmannsbustader, badeplass og småbåthamn. Området er regulert til badeland, badeplass, småbåthamn, friluftsområde, parkering og lekeareal i gjeldane reguleringsplan for området, Areknappen II, Knappskog, PlanID: 19930007. Planområdet overlappar òg delar av reguleringsplan for Areknappen I, Knappskog, PlanID: 19890009. Planområdet er på 69,6 daa.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for bustadblokk, badeplass, friluftsområde/park, småbåthamn, parkering, leikeplass og tilhøyrande infrastruktur.

Tiltaket kjem inn under KU-føreskrifta § 3, planar og tiltak som  skal vurderast etter forskrifta § 4. Etter plankonsulent og kommunen si vurdering, kjem ikkje tiltaket inn under kriteria i § 4 i forskrifta om konsekvensutgreiing.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Fjell kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 22.01.2016.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler