Publisert:

Frist satt til:

1. januar 1970

Nyheimstunet

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong reguleringsplanarbeid for Nyheimstunet, gnr. 36, bnr. 164 m.fl., Toftøy i Øygarden kommuneReguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Toft Kåre er grunneigar og er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg langs Fv. 225 Torsvikvegen om lag 400 m sør for Torsteinsvik på Toftøy. Området er i dag ikkje utbygd og ligg mellom etablerte bustadområde i nord, sør og aust. Bustadane i nærområdet består hovudsakleg av einebustadar og fleirmannsbustadar. I vest grensar området mot eit større grøntområde. Planområdet følgjer i hovudsak eigedomsgrenser. Langs Torsvikvegen er plangrensa tilpassa reguleringsplan for Toftøy med planid 1259_20000002. Det kan verte aktuelt å trekke attende plangrensa langs Torsvikvegen når planen vert lagt ut på høyring.

Området er i kommuneplanens arealdel sett av til bustader. Området er regulert som industriområde og noko friområde i reguleringsplan Torsteinsvik I med planid 1259_19790001. Andre planar i nærleiken er planid 1259_20000002 Toftøy og planid 1259_19880002 Torsvikhøgda. Planarbeid med områdereguleringsplan for Kleppedalen – Torsvik med planid 1259_20150001 i nærleiken er også under arbeid.

Planarbeidet sitt føremål:
Føremålet med planen er å legge til rette for bustadar. Ein ser for seg 30-40 bueiningar i form av tomannsbustadar, rekkehus og leilegheitsbygg. Saman med eksisterande bustadar vil dette gje eit variert og samansett bustadtilbod i området som vil legge til rette for fortetting og at fleire kan busetje seg i nærleiken av Torsteinsvik.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Øygarden kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Øygarden kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 7. april 2017.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Øygarden kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

1. januar 1970

Tilsvarande kunngjeringar

Varslingskart

Frist:

11. mars 2025

Detaljreguleringsplan for Timrehaugvegen, Gnr./Bnr. 64/906 m.fl

I henhold til plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Timrehaugvegen, Gnr./Bnr. 64/906 m.fl., plan-ID er…

Auredalen varslingskart

Frist:

19. februar 2024

Detaljregulering for Auredalen, Bjørnafjorden kommune

I samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det med dette sendt ut varsel om oppstart for detaljregulering…

Fjellanger næringspark plankart kunngjering

Frist:

15. oktober 2023

Fjellanger næringspark, Alver kommune

I samsvar med plan og bygningslova (§12-8) varslast det oppstart av detaljreguleringsplan for Fjellanger næringspark, gbnr. 104/55 i Alver kommune.…

Frist:

27. august 2023

Rollandslia bofellesskap, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan Åsane, Gnr. 208, Bnr. 216, Rollandslia, bofellesskap,…