Publisert:

Frist er satt til:

1. januar 1970

Nordre Helleren

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Nordre Helleren, gnr. 25, bnr. 313 m.fl. – Solsvik, i Fjell kommune.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Maudhill Langeland er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Solsvik heilt nord i Fjell kommune, 5 km frå Ågotnes og 17 km frå Straume. For å nå området frå Straume sentrum tar ein rv.555 mot vest, vidare nordover på fv.561 og inn på den kommunale vegen Øvre Elvebakken.

Området er i kommuneplan for Fjell del av eit område avsett til framtidig bustadareal, med krav om felles planlegging (H810_29). Politisk vedtak gjort 08.03.2016 i Komité for plan og utvikling, seier at planområdet kan avgrensast til gnr. 25, bnr. 313, 314, 315, 316 og 317 som utgjer ein naturleg del av planområdet. Det er dette avgrensa området, samt vegtilkomst, som det no vert varsla oppstart for.

Planområdet er avgrensa på vedlagt kart og på utsnittet under. Planområdet er på om lag 8 daa.

Planen sitt føremål:
Føremålet med planen er å gjera området tilrettelagt for bustadutbygging. Tilkomst vil vere frå Øvre Elvebakken som er ein kommunal veg.

Grunneigarane ynskjer å få regulert ein tomannsbustad (på bnr. 313) og fire einebustadar (på bnr. 314-317) –  totalt 6 einingar. Vegtilkomst er planlagt over nabotomt i aust (bnr. 245), og ut i Øvre Elvebakken. Endeleg utforming vert avklara i planarbeidet.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlige behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Fjell kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Fjell kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 21. juni 2016.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Fjell kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

1. januar 1970
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Varselkart Bjørnsons gate, næringsbygg

Frist:

20. desember 2021

Bjørnsons gate, næringsbygg

KlimagassberegningerI henhold til plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Årstad, […]
Varslingskart Akkjerhaugen

Frist:

12. mai 2022

Akkjerhaugen

NY VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 […]
Hva viser kartet?

Frist:

26. januar 2024

Detaljregulering for Haugaseto, Øygarden kommune

I medhald av plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det med dette sendt ut […]
Endring nr.2 av detaljregulering for gbnr. 50/3 m.fl. – N. Bjorøyna

Frist:

24. mars 2023

Endring nr.2 av detaljregulering for gbnr. 50/3 m.fl. – N. Bjorøyna

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14 andre ledd, varslar vi om endring […]

Publisert