I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Nordra Lia, gnr. 38, bnr. 226, m. fl. – Anglavika, i Fjell kommune.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent:
Foldnes Utbygging as er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.
Planområdet:
Planområdet ligg langs Anglavikvegen i Fjell kommune, om lag 4 km nord for Straume. Området grensar til naturområder i aust, sør og vest, og til eit eksisterande bustadområde i nord. Området er i kommuneplanen 2011-2022 avsett til bustad, LNF-område og byggjeområde. Planen er vurdert i høve til forskrift om konsekvensutgreiing men det er konkludert med at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrifta. Planområdet er på 19,845 daa.
Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for bustadbygging, samt å regulere fortau frå planområdet fram til Fv 209 Vågevegen.
Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:
Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt til Fjell kommune saman med planframlegget.
Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 31.07.2015.
Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.