Bakgrunn for ynskje om mindre endring av gjeldande reguleringsplan
Gjeldande plan for området planid: 20040011 er allereie utbygd. Tomta innanfor BF2 er forholdsvis stor og bustaden som er bygga her ligg heilt vest på tomta. Den austlege/nordaustlege delen av tomta er ikkje utbygd eller opparbeida og det er såleis gode tilhøve for å legge til rette for ein ny einebustad her.
Detaljert skildring av den mindre reguleringsendringa
Endringa ein ynskjer å gjere går hovudsakleg ut på å leggje til rette for ein einebustad på austre del innanfor BF2, slik at det totalt vert to einebustader innanfor BF2, istadenfor éin slik som eksisterande plan legg opp til. Dette vil føre til følgjande endringar:
- Planklart
Det ver utarbeida nytt plankart for det aktuelle området, BF2, der det er teikna inn nye bygge- og tomtegrenser, samt påført ny utnyttingsgrad og mønehøgd. Mønehøgda som i gjeldande plan var på k+50 er for den eksisterande bustaden sett til k+50,5 som samsvarar med dagens situasjon medan mønehøgda for den nye tomta er sett til k+49 då denne har lågare planeringshøgd enn den eksisterande bustaden i vest. - Føresegner
Alle føresegnene vert behalde men lagt inn i ny mal for Fjell kommune slik at oppsettet for dei vert litt annleis. I § 3.2 i gjeldande føresegner vert BF2 teke ut slik at denne berre omfattar BF1. I dei nye føresegnene vert det lagt til ein ny paragraf, § 5.1.2, der ny utnyttingsgrad for BF2 på BYA 35% er lagt til. Det vert også lagt til ein ny paragraf under § 5.3.1 at for kvar ny bustad som oppførast skal setjast av eit areal på MUA 200 m2.
Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som gjeld løysingar eller særskilde behov kan sendast skriftleg til:
Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no
Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget.
Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 24.11.15