Mabbursvegen

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Mabbursvegen gnr. 37, bnr. 61, m. fl., Fjell kommune.


Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Bjørn Ydse og Knut Fejerskov er tiltakshavarar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg i Anglavik i Fjell kommune, langs Mabbursvegen som er ein sideveg frå Anglavikvegen. Det har grenser til naturområder i vest og sør, medan det i nord og aust grenser til bustader, samt nokre hytter. Området er avsett til bustader i kommuneplanen sin arealdel. Planområdet er på 13,18 daa.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for bustader.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Fjell kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 16.01.2014.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler