Langheiane B8 og B9

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Langheiane B8 og B9, gnr. 188, bnr. 772, 775, 776, m.fl., i Lindås kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Orion Prosjekt AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet, i samarbeid med arkitektkontoret Børtveit & Carlsen AS.

Planområdet:
Planområdet ligg sentralt i Knarvik, rett nordaust for sentrum. For å nå området tar ein av frå E39 Osterfjordvegen og køyrer omtrent 300 meter mot nordvest på den kommunale vegen Lonsvegen. I planområdet ligg det i dag to tilkomstvegar, som nyleg er opparbeidd. Elles er areala ubygd, og består i hovudsak av skog, knausar og ein bekk.

Området er regulert i områdeplanen for Knarvik Aust, del av gnr. 188, Gjervik. Denne reguleringsplanen sett krav om detaljregulering for felta B8 og B9. Planområdet er avgrensa på vedlagt kart og på utsnittet under. Planområdet er på om lag 28 daa.

Planen sitt føremål:
Føremålet med planen er å gjera området tilrettelagt for bustadutbygging. Tilkomst vil vere frå Lonsvegen som er ein kommunal veg.

Ein vil leggja til rette for to bustadfelt i tråd med avgrensinga som er satt i områdeplanen (syna på førre side). For feltet B8 ynskjer ein å leggja til rette for familiebustadar i form av lågblokker/rekkehus. Parkering er tenkt skjult under eit dekke, som vil danna eit sentralt tun for bustadfeltet. For feltet B9 vil ein leggja til rette for leilegheiter i blokker, med parkering i botn.

Ein ynskjer å sjå på eit totalrekneskap for B8 og B9 når det gjeld utnytting. For B8 vil det vere aktuelt med ein lågare utnytting enn det områdeplanen opnar opp til, og for B9 vil ein vurdera om ein skal auka utnyttinga noko i forhold til det områdeplanen opnar opp til. Totalt sett for B8 og B9 vil ein halde seg innanfor det områdeplanen har regulet som maksimal utnytting for dei to felta.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlige behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Lindås kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Lindås kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 18. mars 2016.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Lindås kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut