Hodneland

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Hodneland, gnr. 40, bnr. 2, m. fl., Lindås kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Autvikling AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg i Hodneland i Lindås kommune med grenser til blant anna sjø, naust, hytter og naturområder. Området er i dag avsett til fritidsbusetnad i gjeldane kommuneplan.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for fritidsbustader.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Lindås kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Lindås kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 21.11.2013.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Lindås kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler