VARSEL OM UTVIDING AV PLANOMRÅDET.
I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla utviding av detaljregulering for Grevlestølen, 56/1, 57/1,3,4 mfl., i Voss herad.
Oppstart av reguleringsplanarbeidet vart først varsla 20.august 2020. Ein ser no at det er behov for å utvide planområdet noko mot sør for å få til betre løysingar sett i samband med planlagd utbygging av veg og fritidsbusetnad. Vurdering syner også at ein ikkje lenger er avhengig av alt arealet heilt nord i planområdet. Noko av dette arealet vert difor teke ut av planområdet.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent:
Voss Resort Prosjektutvikling AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as i samarbeid med HLM arkitektur as er konsulentar for planarbeidet.
Planområdet:
Planområdet ligg ved eksisterande hytteområde i Bavallen like nord for Voss sentrum. Planområdet grensar i sør til reguleringsplanen for Bavallen-Tråstølen F1-F2. I nord grensar området mot LNF område. Planområdet er i kommuneplanen avsett til fritidsbusetnad og er i kommunedelplanen for Bavallen i hovudsak avsett til fritidsbusetnad, alpinområde og senterområde, samt at noko areal er avsett til LNF område.
Det er vurdert at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing. Planområdet er på ca. 192,2 daa.
Planen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er over tid å etablere rundt 200 fritidsbustader i området Grevlestølen, i tråd med gjeldande kommunedelplan for Bavallen. Det skal vere ei blanding av konsentrerte og frittliggjande fritidsbustader. Reguleringsplanen skal og leggje til rette for friluftsområde/grøntområde, nye avkøyrsler/tilkomst til planområdet frå Tråstølsvegen, samt parkeringsplassar. Det vil også bli tilrettelagt for nye skiløypar/ skitrekk. Skiløypene/ skitrekka vil i hovudsak fungere som transport for dei nye fritidsbustadene slik at det er mogleg å kome seg lett til skiløypene i området.
Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Meir informasjon kan lesast på nettsida til www.ardarealplan.no. På nettsida finn ein også relevante dokument som ras- og skredrapport som har blitt utarbeida for planområdet, samt vurdering av om planen fell under vilkåra for konsekvensutgreiing. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:
Ard arealplan as
c/o Spaces Media City
Lars Hilles gate 30
5008 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Voss herad. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Voss herad saman med planforslaget.
Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 4. august 2021.
Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Voss herad for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.