Døsjeneset

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla om at det skal setjast i gong detaljregulering for Døsjeneset, gnr. 46, bnr. 26, 113 m. fl. – Døsje, Fjell kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Sotra Tre og Betong AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Døsjeneset, på austsida av Sotra, sør for Kolltveit og nord for Ekrhovd i Fjell kommune. Området omfattar eksisterande næringsareal på Døsjeneset og sjøareal mot sør. Området grensar til fylkesveg 206, Døsjevegen, og LNF område i vest og mot sjø i sør, aust og nord. I nord ligg sørleg del av Bildøyna og i Nordvest ligg ei småbåthamn.

Det er vurdert konsekvensutgreiing av planområdet, men det er i samråd med kommunen konkludert med at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrifta. Planområdet er på om lag 82,6 daa. Om lag 25 daa av desse er planlagd regulert til sjøareal, resten er planlagd utfylt og skal nyttast til næring.

Reguleringsplanen sitt føremål:
På området er det i dag elementproduksjon til bygg, støyping av flytebryggjer, ferdigbetongproduksjon og mørtelproduksjon. Føremålet med reguleringsplanen er mellom anna å leggje til rette for å utvida desse aktivitetane ved utfylling i sjø. Andre bruksområder kan vurderast nærare i samband med planarbeidet. Omsyn til nærområdet vil verte vektlagt i planarbeidet. Estetikk og forureining er viktige tema for planarbeidet.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Fjell kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 07.03.2016.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut