Dalstø – Mjåtveitstø

UTVIDING OG ENDRING AV PLANGRENSA – AVGRENSA VARSLING

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-2, 12-8 og 12-14 vart det varsla i brev av 16.10.17 om at det skulle setjast i gong arbeid med områderegulering for Dalstø – Mjåtveitstø gnr./bnr. 18/1, 19/67, 22/254, 22/255 m.fl. i Meland kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Områderegulering vert nytta av kommunen der det er krav om slik plan i kommuneplanens arealdel, eller kommunen finn at det er behov for å gi meir detaljerte områdevise avklaringar av arealbruken. Områderegulering utarbeidast av kommunen. Kommunen kan likevel overlate til andre myndigheiter og private å utarbeide forslag til områderegulering.

Tiltakshavar og konsulent:
Furefjellet AS er tiltakshavar i samarbeid med Meland kommune. Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet og føremål med planarbeidet:
Planområdet ligg på Mjåtveit og er avsett til framtidig busetnad med krav om reguleringsplan og høg utnytting. Mot sjø er arealet sett av til grønstruktur/LNF med omsynssoner for kulturmiljø/kulturminne og friluftsliv. Planområdet omfattar blant anna felt B_9 og delar av B_8 i kommuneplanens sin arealdel.

Målet for reguleringsarbeidet er å leggje til rette for variert busetnad med tilhøyrande infrastruktur, samt å etablere barnehage (gards- og friluftsbarnehage) og vurdere skuleføremål innanfor område. Det vert lagt opp til tilkomst både frå Dalstø og Mjåtveit.

Føremål med utviding og endring av plangrensa:
Plangrensa i nord og langs Fylkesvegen utvidast for betre å kunne tilpasse framtidig utbetring av veg og avkøyrsel. Plangrensa i sør trekkast bort frå sjøarealet og frå garden Mjåtveitstø. Det planleggast ikkje for nye tiltak i sjø eller på garden.

Merknad til endring av plangrensa:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Varslinga er sendt til offentlege instansar og grunneigarar i nord langs fylkesvegen. Innspel eller merknader kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

Eller på e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Meland kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt til Meland kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader til ny plangrense er sett til 17.08.2018.

Sjå tidlegare varsla planavgrensing og tilhøyrande dokument her .

 

Skriv ut