Breimyra

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast utviding av plangrensa for detaljregulering for Breimyra, gnr. 137, bnr. 109 og 144 m. fl., Lindås kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshaver og konsulent:
Hordaland byggutvikling AS er tiltakshaver.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg mellom vegane Alvervegen og Alverflaten i Lindås kommune. Planområdet er på ca. 7 daa og er vist på vedlagt kart.

Planen er tidlegare varsla i brev 26.07.2012 under namnet Alvervegen 10 som eit mindre område. Prosjektet er no auka slik at det no òg omfattar Alvervegen 12.

Planen sitt formål:
Området er i kommunedelplan for Knarvik – Alversund 2007 – 2019 regulert som «noverande/regulert bustadområde».

Planarbeidet har til hensikt å detaljregulere området til bustader.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlige behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Lindås kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Lindås kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 4. mars 2013.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Lindås kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler