Bildøyvegen 33

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14, varslar vi om at vi vil sende inn søknad om mindre endring eller reguleringsendring i deler av reguleringsplan for Straume Næringspark, med plan ID 1246_20010004, i Fjell kommune.
Føremålet med den mindre endringa er å opne for å byggje ein tremannsbustad innanfor gnr.35 bnr. 578. Gjeldande bebyggelsesplan opnar for ein einebustad innanfor tomten og byggjesøknad for einebustad er godkjent.

Reguleringsplan og mindre endring av reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak. Mindre endring av reguleringsplan følg i utgangspunktet dei same reglane som ved utarbeiding av detaljregulering, men det er opna for ein enklare prosess. Mindre endringar er endringar som ikkje har nemneverdig betyding for nokon av dei råka partane eller interessene. Ved mindre endringar skal saken leggjast fram for dei aktuelle myndigheiter. Vidare skal eigar/festar av direkte råka eigedomar gjevast høve til å uttale seg.

Tiltakshavar og konsulent:
På vegne av tiltakshavar, Vigsø Consulting AS, vil Ard arealplan as med dette varsle om mindre/små endring, evt. reguleringsendring av planID 19990009 Straumåsen. Gjennomgang av merknader etter høyring vil avgjere om det vert ei mindre/små endring eller reguleringsendring.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 10.02.2017.

Vidare saksgong:
Dersom planen kan gjennomførast som ein mindre endring vert forslaget til mindre endring sendt til Fjell kommune for sakshandsaming etter at merknadsfristen er gått ut. Det er ikkje krav til utlegging av forslag til offentleg ettersyn, eller kunngjering av endeleg vedtak. Underretning om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader, og eigarane og festarane av eigedomar som direkte råkas av vedtaket.

Dersom planen må tas som ein reguleringsendring vil forslag til reguleringsplan verte sendt Fjell kommune for sakshandsaming etter at merknadsfristen er gått ut. Etter fyrste gongs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut