Baronivegen

Varsel om oppstart av reguleringsplan med konsekvensutgreiing og planprogram for Baronivegen 4, gnr. 83 bnr. 73 m.fl., Kvinnherad kommune
Planen blir fremma som ei detaljregulering etter § 12-3 i pbl. Kvinnherad kommune har stilt krav om planprogram i samsvar med § 4-1 i pbl: «For reguleringsplanar som kan ha vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal det som ledd i varsling av planoppstart utarbeidast eit planprogram som grunnlag for planarbeidet.”

Planprogrammet er utarbeidd på vegne av tiltakshavar Baronivegen 4 AS.
Planprogrammet kan sjåast i ramma til høgre.

Planprogrammet skal til offentleg ettersyn og på høyring. Det vil deretter justerast i høve til aktuelle innspel i høyringsrunda. Når planprogrammet er vedteken, vil det bli lagt til grunn for vidare planarbeid med KU.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Baronivegen 4 AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg i Rosendal i Kvinnherad kommune med grenser til Rosendalselvi i sør og aust, til bustader og Baronivegen i nord og til Skålagato i vest. Planområdet er i kommuneplanen avsett til bustad, friområde/idrett og forretning.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med planen er å leggje til rette for bustader i områda avsett til friområde/idrett i gjeldande kommuneplan.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Kvinnherad kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Kvinnherad kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 25.08.2015.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Kvinnherad kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut