Publisert:

Frist er satt til:

1. januar 1970

Bakkane

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Bakkane, gnr. 35, bnr. 172,365 m. fl. – Straume, i Fjell kommune.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Straume Mesterbygg er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulentar for reguleringsplanarbeidet i samarbeid med OG arkitekter.

Planområdet:
Planområdet ligg på Straume i Fjell kommune. Området grensar til bustader og grøntareal. Planområdet er i KPA avsett til framtidig sentrumsformål der reguleringsplan framleis skal gjelde. I gjeldande reguleringsplan er planområdet avsett til bustad, leikeareal og grøntanlegg. Det er i samråd med kommunen vurdert at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing.

Planområdet er på ca. 9,5 daa.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for bustader. I den nordlege delen vil ein sette av eit stort areal til grøntområde i samsvar med gjeldande reguleringsplan, medan ein i den sørlege delen vil leggje til rette for bustader i form av 4 leilegheitsbygg på 2-3 etasjar med rundt 35-40 bueiningar.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Fjell kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 03.02.2017.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

1. januar 1970
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Varslingskart Akkjerhaugen

Frist:

12. mai 2022

Akkjerhaugen

NY VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 […]
Varslingskart Tellnes næringspark

Frist:

3. august 2022

Detaljregulering for Tellnes næringspark

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast […]
Varselkart Molløesmauet

Frist:

29. april 2022

Molløesmauet

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles […]
Planavgrensing -Sande, Gulen

Frist:

31. desember 2022

Detaljreguleringsplan for Indrevika Feriesenter, Sande i Gulen

I samsvar med plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast det om oppstart av detaljregulering […]