Publisert:

Frist satt til:

1. januar 1970

Austmarka sentrum

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Austmarka sentrum, gnr. 79, bnr. 107, 109, 110 m. fl., Radøy kommune Plan ID 12602017000500).Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Austmarka Eiendom AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet:
Planområdet er om lag 26,6 daa stort og ligg på Austmarka, like sør for Sæbø skule. Planområdet omfattar i hovudsak eigedomane gnr. 79 bnr. 107, 109 og 110. Planavgrensinga følg i hovudsak eigedomsgrensenemot aust og sør og føremålsgrenser i gjeldande detaljreguleringsplan mot vest og nord. Planområdet er i dag satt til næring og bustad kommunedelplan for Radøy sør (PlanID: 12602007000600).

Føremål med planen:
Føremålet med planen er å detaljregulere dei aktuelle areala på ein måte som bygg opp under den lokalsenterutviklinga som er i gong på Austmarka i dag. Gnr/bnr 79/110 er teke med i planområdet, blant anna, for å regulere vegtilkomst til gnr/bnr 79/107, 109 og andre eigedomar i sør. Ein ynskjer å sjå dette sentrale arealet på Austmarka i samanheng og ein ser føre seg at ein føremålsblanding mellom næring og bustad kan vere aktuelt. Kopling mot eksisterande aktivitet i nord, trafikktryggleik og gode gangforbindingar vil òg vere viktige delar av detaljreguleringsplanen.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Lindås kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 30.08.2017.

Vidare saksgong:
Etter merknadsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Radøy kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i hovudutval for plan, landbruk og teknisk, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

1. januar 1970

Tilsvarande kunngjeringar

Plangrense

Frist:

13. februar 2026

Varsel om utviding av planområde

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla utviding av planområde i samband med…

Varslingskart

Frist:

11. mars 2025

Detaljreguleringsplan for Timrehaugvegen, Gnr./Bnr. 64/906 m.fl

I henhold til plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Timrehaugvegen, Gnr./Bnr. 64/906 m.fl., plan-ID er…

Plankart

Frist:

7. februar 2025

Endring etter forenkla prosess av detaljrereguleringsplan for spilde – gbnr. 141/57

I samsvar med plan og bygningslova (pbl) § 12-14 tredje ledd, vert det varsla om endring etter forenkla prosess av…

Varselkart

Frist:

17. desember 2024

Detaljreguleringsplan for Helgeseter, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Fana, Gnr. 7, Bnr. 6, Helgeseter,…