Åsgard småbåthamn

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Åsgard småbåthamn, gnr. 22, bnr. 6, 16, 17 m.fl. Lindås kommune.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Aasgard sameige er tiltakshavar.
Ard arealplan er konsulent for planarbeidet.Varslingskart

Planområdet:
Planområdet ligg på Åsgard, langs med Vågane, like sør for Fuglevikneset. For å nå området tar ein av frå E39 Osterfjordvegen og køyrer omtrent 6 kilometer nordover på fv. 395 Hindenesvegen. Deretter tar ein av fylkesvegen mot vest, og køyrer vidare på den kommunale vegen Åsgard.

Planområdet består av eigendommane gnr. 22, bnr. 6, 16, 17, 18, 27, 28, 29, 30, 31, 43, og delar av bnr. 4 og 42. Bnr. 27, 29 og 30 er inkludert i planområdet fordi ein ynskjer å sjå på om areala kan nyttast til naustområder. Bnr. 4 og 42 er vegareal, og dette er tatt med for å sikra ein trafikksikker åtkomst til planområdet. Eit stort areal i sjø er tatt med, på grunn av eventuelle ankarfeste for flytebryggene. Plangrensa i sjø kan verta redusert i det vidare planarbeidet.

Det ligg to bygg i planområdet, Åsgard 29 og 31, som stammar frå Aasgard møbelfabrikk som heldt til her frå 1935 til 1969. I 1950 brann Åsgard 31, men ein ny og større fabrikk vart reist same året. I 1969 brann dette bygget ned for andre gong, og etter dette vart fabrikken flytta til Fammestad, medan det på Åsgard vart sett opp eit lagerbygg i staden. Frå 1969 til 1981 vart bygga brukt som lager for fabrikken. Etter 1981 har bygga vore eigd  av Aasgard sameige, og har vore brukt til lagring av båtar m.m.

Området er i kommuneplanen avsett til småbåthamn og bustad, og det er markert ein byggjegrense mot sjø. Planområdet er avgrensa på kartet som er vedlagt, og planområdet er på omtrent 52 daa.Kommuneplan

Planen sitt formål:
Hovudhensikta med planen er å gjera området tilrettelagt for småbåthamn. Tilkomst vil vere frå vegen Åsgard som er ein kommunal veg.

Dei to lagerbygningane, Åsgard 29 og 31, ønskjer ein å rusta opp til meir brukarvennlege bygg som kan nyttast til båtlagring. Ein ynskjer å etablera arker på taka. Dette vil blant anne gje muligheit for inngang til loftsetasjen frå terreng, på austsida av nr. 31. På vestsida av nr. 31 vil ein etablere båtopptrekk/båtslippar med pirar imellom. Ein vil også legge til rette for to flytebryggar for småbåtar, og parkeringsplassar. På bnr. 27, 29 og 30, vil ein vurdere om ein kan etablere naust. Dette er mindre tomter som i sin tid vart seksjonert ut, med tanke på akkurat dette formålet. Ein ønskjer å planlegge for to einebustader eller ein tomannsbustad der kor det i dag står ein garasje (bnr. 6 og 16). Området sør for bygningane (del av bnr. 16) vil ein gjere om til friområde, og gjere tilgjengeleg med gangveg og med badeplass i vik. Dette vil vere eit positivt grep for allmennta.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlige behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Lindås kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Lindås kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 18.mars 2015.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Lindås kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut