Publisert:

Frist satt til:

1. januar 1970

Angeltveitvegen

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vart det varsla om at det skulle setjast i gong detaljregulering for Angeltveitvegen, gnr. 23, bnr. 6, m. fl. – Angeltveit, Fjell kommune i august. Planarbeidet har no vist at det er naudsynt å utvide plangrensa noko.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Einar Angeltveit er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Angeltveit i Fjell kommune, om lag 13 km nordvest for Straume. Området grensar til bustader i sør, aust og nord, og jordbruksareal i vest. Området er i kommuneplan for Fjell avsett til bustadføremål. Ny plangrense tek med seg den delen av Fv. 211, Landrovegen, som grenser til planområdet for å sikre at reguleringsplanen legg til rette for at krysset mellom Fv. 211 og Angeltveitvegen kan opparbeidast i tråd med krav frå Statens vegvesen om inntrekt gang- og sykkelveg og deleøy. Plangrensa følger gjeldande reguleringsplanar for Fv 211 Angeltveit-Landro, Vegutbetring, planID 1246 20030006 og Angeltveit Aust, planID 124619980003.

Det er vurdert konsekvensutgreiing av planområdet men det er i samråd med kommunen konkludert med at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrifta.

Planområdet er på ca. 24,1 daa.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er framleis å leggje til rette for nye bustader i planområdet. Omsyn til kulturlandskapet og eksisterande bustadstruktur vil verte vektlagt i planarbeidet, men tilpassa overordna planar. Intensjonen er å i hovudsak leggje til rette for rekkehus, men andre bustadtyper vil vurderast nærare i arbeidet med planen. Førebelse vurderingar tyder på at planen vil leggje til rette for om lag 30-40 nye bustader.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Fjell kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til  29.01.2016.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

1. januar 1970

Tilsvarande kunngjeringar

Plangrense

Frist:

13. februar 2026

Varsel om utviding av planområde

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla utviding av planområde i samband med…

Varslingskart

Frist:

11. mars 2025

Detaljreguleringsplan for Timrehaugvegen, Gnr./Bnr. 64/906 m.fl

I henhold til plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Timrehaugvegen, Gnr./Bnr. 64/906 m.fl., plan-ID er…

Plankart

Frist:

7. februar 2025

Endring etter forenkla prosess av detaljrereguleringsplan for spilde – gbnr. 141/57

I samsvar med plan og bygningslova (pbl) § 12-14 tredje ledd, vert det varsla om endring etter forenkla prosess av…

Varselkart

Frist:

17. desember 2024

Detaljreguleringsplan for Helgeseter, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Fana, Gnr. 7, Bnr. 6, Helgeseter,…