NY VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID
I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Akkjerhaugen, gnr. 331, bnr. 1,22 mfl. i Ullensvang kommune.
Planarbeidet blei først varsla 13.04.2018. Sidan den gong har ein sett at det vil vere behov for å etablere hotellfunksjonar i sørleg del av planområdet og ikkje berre i nordleg del. Sørleg delen ligg i areal avsett til friareal i kommuneplanen og ikkje i næringsareal, i tillegg har kaiarealet blitt utvida. Sidan forutsetningane for planarbeidet såleis har vorte endra blir det difor no sendt ut nytt varsel om oppstart av planarbeid.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent:
Acos Invest AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet i samarbeid med Arkitekt Rolv Eide as.
Planområdet:
Området ligg i sør delvis på ei høgde (Akkjerhaugen) og skrår ned mot sjøen i vest. Mot nord og sør grensar området til bustader, mot aust til helsetun og grøntareal og mot vest til sjø. Området inneheldt i nordaust eit hotell med kurs og konferansesenteret, Hardanger House. Ved sjøen i vest ligg ein tidlegare verkstad frå 1950-talet som har fungert som motor- og bilverkstad. Dette bygget vert forutsett riven i planforslaget.
Planområdet er i KPA avsett til friareal og næring, samt at det er omfatte av omsynssone H910 med krav om at gjeldande reguleringsplan framleis skal gjelde og omsynssone H570 med omsyn til kulturminne.
I reguleringsplanen for området, Jondal sentrum, er planområdet regulert til friområde, bustad og naust og båtbyggjarskule, samt at ein del av friområdet er markert som fornminne.
Planområdet er på ca. 20,4 daa.
Planen sitt føremål:
Nordaust i planområdet ligg det eit hotell, Hardanger House, som ein ynskjer å få regulert inn i planen. Sør for hotellet opp mot Akkjerhaugen ynskjer ein å etablere eit nytt bygg som koplar seg på eksisterande hotell ved hjelp av ei gangbru. Dette bygget er tenkt å innehalde nokre hotellfunksjonar, deriblant fleire hotellrom, samt at ein vil leggje til rette for moglegheit for blant anna restaurant, kontor, kulturtilstellingar etc.
I tilknyting til bygget ynskjer ein også å etablere ei brygge for å sikre god tilkomst til sjø, samt at både større og mindre båtar har moglegheit for å kunne legge til. Frå kaiområdet og bygget vil det også bli opparbeidd turstiar rundt og opp til toppen av Akkjerhaugen slik at området vert betre tilrettelagt for bruk og godt tilgjengeleg for ålmenta. I tillegg til dette ynskjer ein også å tilretteleggje badeområdet vest for hotellet på ein betre måte enn det er i dag, med blant anna erosjonsverntiltak, slik at det vil verte attraktivt og nytte for ålmenta. Det er i tilknyting til hotellet ned mot sjøen også opparbeidd eit badehus som er tenkt å kunne nyttast både av ålmenta og hotellet sine gjestar. Planområdet ligg naturskjønt til ved sjøen med strandline, i tilknyting til eksisterande vegsystem, samt i nær tilknyting til Jondal sentrum og egnar seg såleis fint til ei utbygging slik som skissert over. Oppsummert ynskjer ein med planforslaget å gjere innseglinga til Jondal til eit estetisk fint området, gjere området rundt Akkjerhaugen betre tilgjengeleg for ålmenta og turistar, samt skaffe aktivitet og næringsutvikling i Jondal.
Viktige utgreiingar:
Det vart gjort ei vurdering om planforslaget utløyser krav til KU. Ut i frå vurderinga som er gjort vurderer vi det ikkje slik at planlagde tiltak i detaljreguleringsplan for Akkjerhaugen er funne konsekvensutgreiingspliktig. Planforslaget vil ikkje gje vesentlege verknader for miljø og samfunn, sjå vedlegg.
Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Meir informasjon er å finne på nettsida til www.ardarealplan.no. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:
Ard arealplan as
c/o Spaces Media City
Lars Hilles gate 30
5008 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Ullensvang kommune. Alle mottekne dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Ullensvang kommune saman med planforslaget.
Merknadsfrist
Frist for merknader er satt til 12.05.2022.
Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Ullensvang kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.