Ågotnes – Vindenes

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong reguleringsendring av planID: 19860002 Ågotnes – Vindenes, deler av gnr. 26 og 27, Fjell kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Parsell Holding AS er tiltakshavarar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Vindenes på Ågotnes og er om lag 5,10 daa stort og vist på vedlagt kart. Planområdet grensar i hovudsak til industriområde samt Bleivassvegen i vest.

Det har tidlegare vore gjennomført ein planprosess for å gjere den tenkte endringa som ein mindre (små) endring. Den mindre endringa vart vedteke av komité for plan og utvikling i Fjell kommune den 9.4.2013, i sak 83/13. Vedtaket vart påklaga og klagen førte til at vedtaket til komité for plan og utvikling vart oppheva av Fylkesmannen i Hordaland. Fylkesmannen vurderte endringa til å ikkje vere ei «mindre» endring, men ei ordinær endring som må vedtakast av kommunestyret, jf. pbl. § 12-14 første ledd, jf. 12-12-første ledd.

Føremålet med endringa av reguleringsplanen:
Forslagsstillar ynskjer å endre køyrevegtrasé innanfor gnr. 27 bnr. 529. I gjeldande reguleringsplan er vegtraseen lagt til rette for framtidig bru over fylkesveg 561. Brualternativet har ikkje vorte realisert og andre løysingar er gjennomført for kopling mellom industriområdet og fylkesveg 561. Endringa av reguleringsplan for Vindenes industriområde gnr. 26 og 27 endrar vegtrasé frå å ta mot vest i bru over fylkesveg 561, til å strekke seg mot søraust. På denne måten opnar ein for meir industriareal på den aktuelle tomta.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Fjell kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 9. juni 2014.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Fjell kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler