Fem tips før du startar ein planprosess

Ein god reguleringsplan krev meir enn berre ein god idé. Det krev innsikt i prosessar, regelverk og lokale omsyn. I Ard Arealplan har vi lang erfaring med å lose kundar trygt gjennom planprosessar, frå dei første vurderingane til godkjend plan.

Vi ser raskt kva som er mogleg, kva som kan bli krevjande, og korleis du best møter krava frå kommunen. Her er fem forhold du bør kjenne til før du set i gang:

  1. Sårbare område og viktige omsyn
    Utbygging i strandsona, på matjord eller i bratt terreng møter ofte strengare krav. Vi kartlegg forholda tidleg og hjelper deg med å finne gjennomførbare løysingar.
  2. Gøymde planar og gamle vedtak
    Reguleringsplanar som du ikkje visste fanst, kan sette kjeppar i hjula. Vi hentar dei fram og viser kva dei betyr for deg.
  3. Tilkomst og infrastruktur betyr mykje
    Kommunen stiller krav til vegtilkomst, snuplass og renovasjon. Vi kjenner detaljane og planlegg løysingar som fungerer både på papiret og i praksis.
  4. Kortare veg til godkjenning? Det er mogleg.
    Vi har erfart at god planlegging i tidleg fase ofte gir raskare prosess. Med rett rådgivar sparar du både tid og frustrasjon.
    Utrustningsbygget er ei slik erfaring
  5. Kven bestemmer og kvifor?
    Prosjektet ditt må henge saman med kommunen sine utviklingsmål. Vi hjelper deg å forme planforslaget slik at det står sterkare i politiske vurderingar.

Vi hjelper deg i gang, og heilt i mål

Å få ein plan godkjend krev meir enn innsending. Det krev innsikt, erfaring og ein rådgivar som kjenner prosessen. Vi er med deg heile vegen.

Vit meir om dette?

Kontakt oss!

Vi vil gjerne høyre frå deg!
Du kan nå oss på telefon, e-post eller skjemaet under.