Korleis er ei vanleg planprosess?

Illustrasjonen under vise korleis ei planprosess kan sjå ut. Den er ofte ikkje rett frem, mange svingar og ting som tar si tid, men til slutt når vi  eit vedtak.

Planinitiativ og rådgjeving

Ei planprosess er som føljande; ei utbygger, ein grunneigar eller eigedomsutviklar, også kalla forslagsstillar sender inn eit planinitiativ som er laga av ein fagperson på reguleringsplanlegging, slik som vi i Ard arealplan er. Deretter bestiller vi i Ard eit møte for å starte prosessen hos kommunen. 

Før møtet kan vi i Ard også bestille eit rettleiingsmøte for å avklare rammene og krava til det aktuelle planarbeidet. Planideen må også inkludere fagpersonens si vurdering av om planen treng ei konsekvensutgreiing. Også andre tema kan måtte utgreiast før møtet. I samband med oppstartsmøte er det nødvendig å utarbeide noko som heiter planinitiativ og stadanalyse. Nivået og forma på desse dokumenta varierer noko frå kommune til kommune.  

Tidlege hindringar

Ver obs(!) på at søknad om rettleiingsmøte og oppstartsmøte kan ende opp i at planar kan bli stoppa i denne tidlege delen av planprosessen av kommunane. Om dei ikkje trur at planen vil føre fram til godkjent plan kan den stoppast. Om det skjer kan ein krevje at initiativet blir lagt fram til politisk handsaming for endeleg avgjerd. 

Etter at oppstartsmøte er gjennomført og referat er mottatt kan prosessen halde fram. Forslagsstillar og plankonsulenten gjer kjent oppstart av planarbeid i ei avisannonse, i brev til naboar og ansvarlege offentlege og private organ. Plankonsulent og ofte også den aktuelle kommunen legg ut varslingsbrev og møtereferat med meir på sine nettsider. Alle kan deretter kome med merknader og uttale som er viktige for formålet og innhaldet i planarbeidet. Døme på kunngjeringar kan du sjå her på nettsida under kunngjering. 

Sjølve planforslaget med tilhøyrande materiale blir sendt til Plan- og bygningsetaten for handsaming når det er ferdig utarbeidd. Vedlagt i forslaget vil det vere ein planomtale, plankart, planføresegner, illustrasjonsmateriale og relevante rapportar. Forslagsstillaren må i eit merknadsskjema forklare korleis dei har vurdert og følgt opp merknadar og uttalar til planoppstart ved innsending av planforslaget. 

Ut på høyring

Det er Plan- og bygningsetaten vurderer planforslaget og bestemmer om det skal sendast på høyring (førstegongs handsaming) eller ikkje, til offentleg ettersyn. 

Om planen vert lagt ut til offentleg ettersyn vert den sendt på høyring og lagt ut på alle tilgjengeleg kunngjeringssider til kommunen det gjelder, samt lokale aviser i tillegg til at naboar, grunneigarar og offentlege og private organ blir varsla med brev.  Alle har høve til å kome med merknader og utsegner til reguleringsplanforslaget. 

Merknader og oppfølging

Merknader og uttale som kjem inn skal igjen svarast ut ved at  ein gjer greie for korleis Ard og tiltakshavar vurderer og vil følgje opp dei mottekne merknadene og utsegnene til forslaget. Det er heilt vanleg at det kjem inn innspel både frå kommunen sjølv og frå naboar. Prosessen skal vere open og alle skal kunne sjå kva som har vore diskutert og kva vurderingar som ligg bak endeleg forslag.  Private merknadar blir i tillegg registrert på eit merknadskart. Når merknadane er svart ut og sendt til kommunen blir det ofte gjennomført eit merknadsmøte der kommunen og forslagsstillar vurderer innspela og blir samd om korleis ein skal forhalde seg til innspela.  

Politisk Vedtak og oppfølging

Deretter blir innspela innarbeidd i planforslaget og oppdaterte dokument sendast til 2. gangs handsaming/slutthandsaming og det takast endeleg stilling til revidert planforslag som igjen sendes til politisk handsaming. I Bergen kommune er det for eksempel Byrådsavdeling for byutvikling, klima og miljø som behandlar saka på veg mot endeleg vedtak i Bystyret. I andre kommunar er det kommunestyret som tek endeleg avgjersle etter at formannskap/fagkomité har uttalt seg.  

Som ein kan sjå er det mange steg i prosessen, men vi i Ard vil hjelpe deg på veg til ferdig plan.  

Om du lurar på meir om planprosess temaet har vi laget fleire saker her på nettsidene eller se planprosess oversikten til Bergen kommune. 

Vit meir om dette?

Kontakt oss!

Vi vil gjerne høyre frå deg!
Du kan nå oss på telefon, e-post eller skjemaet under.

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.