Endringsforslaget vart vedteke av Alver kommunestyre 04.07.2025.
Endringa er utarbeidd av Ard Arealplan på oppdrag frå Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS (NGIR).
Hovudføremålet med planendringa er å oppdatere plankartet slik at det speglar dei faktiske forholda på staden.
Endringa omfattar presisering av gjennomførte terrenginngrep, tilpassing av byggehøgd for lagerbygg og formalisering av støypa betongplate.
I tillegg vert planen oppdatert slik at tidlegare gitte dispensasjonar for tilbygg og parkering vert innarbeidde direkte i reguleringsføresegnene.
Dette gir ei meir presist og oppdatert plangrunnlag som speglar dagens situasjon og godkjende tiltak.




