Høgestølen gnr. 35, bnr. 34 m.fl. – Straume (planID: 20130018) vart godkjent i Fjell kommunestyre 3. august 2015.
Ard arealplan har utarbeidd reguleringsplanen for Helga og Torleif Straume. Planen legg til rette for oppføring av ei variert bustadsamansetning med totalt 51 nye bustadeiningar. Planen legg elles til rette for leikeplassar, uteopphaldsareal og infrastruktur.
Rådmannen skreiv i si innstilling mellom anna at:
Planområdet ligg sentralt i Straume- området, som er i stor vekst. I sentrale områder er det viktig å leggja til rette for tett bustadutvikling og god infrastruktur. Det er lagt opp til høgare utnytting i reguleringsplan for Høgestølen enn det som elles er i nærområdet. Nye bustader i planen er tilpassa eksisterande bustader ved at dei ikkje er høgare enn to etasjar. Byggehøgder og gesimshøgder er sikra i føresegnene. Planframlegget legg til rette for ei variert bustadsamansetting med større og mindre husvære, noko som vil vere positivt for menneske i ulike livsfasar. (…) Planen har vore gjennom ein grundig prosess, og det har vore eit godt samarbeid mellom tiltakshavar, plankonsulent og kommunen. Rådmannen meiner planen legg opp til ei berekraftig utvikling som gjev effektiv ressursutnytting og eit godt bustadmiljø.