Dette problemet har vi teke opp i Vestnytt 10. desember.
For I Øygarden kommune ser vi at dei legg opp til nokre av dei mest omfattande endringane i arealpolitikken på mange år. Strengare styring av strandsona, klimakrav som kan avgjere kvar det i det heile teke kan byggast, og natur- og arealrekneskap som kan snu prioriteringane på hovudet.
Planen legg altså opp til fortetting i kommunesenteret Straume, i kommunedelsentra Ågotnes, Skogsskiftet og Rong og i lokalsentra som Tjeldstø, Fjell og Spildepollen.
Dette kan få store konsekvensar:
• Prosjekt som tidlegare var realistiske, kan bli langt vanskelegare å få gjennom.
• Område utan lokalsenter, som Bjorøy, kan få utfordrande rammar for både bustader og næring.
• Areal som i dag er sett av til landbruks-, natur- og friluftsliv (LNF) eller bygging, kan bli reine naturområde i ny plan.
Slike endringar gjer at prosjektet må testast godt økonomisk og juridisk før planstart, meir enn tidlegare. I tillegg må arealplanen utgreiast grundigare, slik at han treff rett og er gjennomførbar.
Rett og slett sterkare argument må til for å byggje i Øygarden, og vil påverka mykje meir enn kva folk er klare over.
For både utbyggarar og lokalsamfunn betyr dette at gode, kunnskapsbaserte planar blir viktigare enn nokon gong.
Det vert avgjerande å vere tidleg ute, ha gode faglege vurderingar og vita korleis regelverket faktisk slår ut i praksis.
Les saken hos Vestnytt (bak betalingsmur)




