Publisert:

Westland hotell

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Kvalen, Westland hotell, gnr. 108, bnr. 102, m. fl., i Lindås kommune.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Westland hotell As er tiltakshavar.
Ard arealplan as og arkitekt Rune Urne er konsulentar for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg ved tettstaden Lindås i Lindås kommune, om lag 27 km nord for Knarvik som er kommunesenteret (sjå Google Maps under «kart og tilleggsfiler» til høgre). Området grensar til Fv 57 i nord og aust, til naturområde i vest og til bustader i sør. I gjeldande reguleringsplan som omfattar området, planid: 1263-1990001 Riksveg 568 gjennom Lindås tettstad, endra, frå 2001, er området hovudsakleg regulert til hotell men noko areal er også regulert til bustad og offentleg bygg. Planområdet er på totalt 32,3 daa. Det vart hausten 2014 varsla oppstart av planid: 1263-201407 FV 57 gang/sykkelveg  for Lindås tettstad – Mongstad av Statens vegvesen. Denne vil regulere veg og kryss forbi planområdet vårt.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med planen er å leggje til rette for ei vidareføring og utviding av eksisterande hotellbygg. Planen skal vidare leggje til rette for parkeringsplassar i skråning mot fylkesveg 57, Mongstadvegen. I samband med dette vil vegen inn i planområdet bli rusta opp.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Lindås kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Lindås kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 05.12.2015.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Lindås kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Tilsvarande

Lambhusbegen

Detaljregulering for Lambhusvegen, Skoge i Øygarden kommune.

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast oppstart av detaljregulering for Lambhusvegen, Gbnr 150/214 m.fl. – Skoge, Øygarden kommune. PlanID: 20220012.

Planavgrensning Nilsvikhaugane aust

Nilsvikhaugane aust

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla om oppstart av reguleringsplanarbeid for Nilsvikhaugane […]

Rollandslia bofellesskap, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan Åsane, Gnr. 208, Bnr. 216, Rollandslia, bofellesskap, Reguleringsplan i Bergen kommune. PlanID: […]

Planavgrensing_varslingskart Mosebakken

Jacob Kjødes veg/Mosebakken

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Fana, gnr. 41, Bnr. 137,345, 366 […]