Valderhaug

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID

I medhald av lov om planlegging og byggesakshandsaming (pbl) § 12-8 (oppstart av reguleringsplanarbeid), vert det med dette varsla at det skal setjast i gong arbeid med utarbeiding av detaljreguleringsplan for del av eigedommen gnr. 27, bnr.504, Valderhaug , Fjell kommune.

Med privat reguleringsplan meiner ein:
Privat reguleringsplan etter §§ 12-1 og 12-3, der privat grunneigar, tiltakshavar, (utbyggar) m.fl. tar initiativ, avklarar dette med kommunale styresmakter, og deretter utarbeider detaljreguleringsplan. Forslag til plan vert sendt til kommunen, som deretter tar over ansvaret for sakshandsaminga med innhenting av merknader til planen og eventuelt krev endringar i planen før den vert lagt fram for vedtak i kommunestyre/planutval.

Tiltakshavar:
Sotra Trelast as er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planlegginga.

Planområdet:
Planområdet er del av gnr. 27, bnr. 504 i Fjell kommune. Arealet er omfatta av vedteken reguleringsplan for Valderhaug/Polleidet (planid: 20040007). Det er delfelt KB6 og KB7 av denne planen ein ynskjer å detaljere. I tillegg tek ein med omliggande grøntområde.
Planområdet er 53,2 daa stort.

Planen sitt føremål:
Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for bustadar. Gjennom dialog med kommunen har ein vorte samde om å sjå på avgrensingane og utnyttingsgraden for delfelta i lys av dagens utvikling av Ågotnes. Planframlegget skal utarbeidast med spesielt fokus på gode uteopphaldsareal og leikeplassar.

Verknader av planen:
Reguleringsplanen vil leggje rammene for gjennomføring av tiltaka. Nye tiltak vil i all hovudsak vere i tråd med eksisterande reguleringsplan og løyser ikkje ut krav om konsekvensutgreiing.

Informasjon og medverknad:
For nærmare informasjon: Ard arealplan as, tlf: 55 31 95 00.

Merknader til planarbeidet:
Me inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande planprosessen.

Innspel eller merknader som angår planarbeidet kan sendast skriftleg til:
Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
Epost: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert oversendt Fjell kommune saman med planforslaget.

Frist for merknader er sett til 24.12.2012.

Vidare saksgong:
Etter merknadsfristen vil sjølve planforslaget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter førstegongssakshandsaming vert planen sendt på høyring og lagt ut på offentleg ettersyn. Det vil då verte høve til å koma med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler