Publisert:

Frist satt til:

1. januar 1970

Filer:

Tveiten

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8) vert det varsla oppstart av arbeid med reguleringsendring for reguleringsplanane Tveiten Garveritomta (planid: 1263-201104) og Tveiten (1263-22112006) i Lindås kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og skildringar som syner bruk, vern og utforming av areala. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
F.G. Eigedom er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planlegginga.

Planområdet:
Planområdet omfattar heile reguleringsplan for Tveiten Garveritomta, (planid:1263-201104), gnr. 138, bnr. 21 m.fl, samt nordleg del av reguleringsplan for Tveiten (planid: 1263-22112006), gnr. 138, bnr. 11 m.fl.

Planen sitt føremål:
Med reguleringsendringa ynskjer ein å endre tilkomstveg til planlagde bustadar som framgår av reguleringsplan for Tveiten Garveritomta. Samstundes vil ein gje tilkomst og detaljere naustområdet N1 som framgår av reguleringsplan for Tveiten. Innanfor planområdet ligg det ein kartlagt steinalderbuplass. Denne vil i reguleringsendringa verte vidareført som område under vern (kulturminneid: 134617).

Merknader til varsel om oppstart:
Me inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande planprosessen. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særlege behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Lindås kommune. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert oversendt Lindås kommune saman med planforslaget.

Frist for merknader er sett til 27.01.2013.

Vidare saksgong:
Etter merknadsfristen vert det teke stilling til om planen skal utarbeidast som ei ordinær reguleringsendring eller ei mindre vesentleg reguleringsendring. Karakteren til dei innkomne merknadane vil vere avgjerande for denne vurderinga, som vert gjort i samråd med Lindås kommune.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

1. januar 1970

Tilsvarande kunngjeringar

Plangrense

Frist:

13. februar 2026

Varsel om utviding av planområde

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla utviding av planområde i samband med…

Varslingskart

Frist:

11. mars 2025

Detaljreguleringsplan for Timrehaugvegen, Gnr./Bnr. 64/906 m.fl

I henhold til plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Timrehaugvegen, Gnr./Bnr. 64/906 m.fl., plan-ID er…

Plankart

Frist:

7. februar 2025

Endring etter forenkla prosess av detaljrereguleringsplan for spilde – gbnr. 141/57

I samsvar med plan og bygningslova (pbl) § 12-14 tredje ledd, vert det varsla om endring etter forenkla prosess av…

Varselkart

Frist:

17. desember 2024

Detaljreguleringsplan for Helgeseter, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Fana, Gnr. 7, Bnr. 6, Helgeseter,…