Publisert:

Frist er satt til:

1. januar 1970

Tellnesvegen

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Tellnesvegen bustader, gnr 53, bnr 10 m. fl. – Tellnes, i Fjell kommune.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Telle trearbeid AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Tellnes, sør i Fjell kommune. Området grensar mellom anna til Tellnes skule. Fv. 555 går forbi Tellnes skule, og det er inga tilbod til mjuke trafikantar langs vegen. Dette, i tillegg til høg trafikkbelastning (omtrent 6000 køyretøy dagleg), gjer at dei fleste borna får gratis skuleskyss til og frå skulen. Det er snuplass og busshaldeplass i tilknyting til skulen. Fv. 204 går forbi planområdet i aust. Her er det heller ikkje tilbod til mjuke trafikantar langs vegen, men vegen er langt mindre belasta (omtrent 1000 køyretøy dagleg).
Området er i kommuneplanen sin arealdel i hovudsak avsett til framtidig bustadområde. I tillegg er delar av areala avsett til LNF-område, areal for offentleg tenesteyting (Tellnes skule) og framtidig vegareal. For vegarealet gjeld vidareføring av kommunedelplanen for rv. 555 Sotra sør, som går forbi planområdet.  Planområdet er på omlag 51 daa. Det er vurdert at planen ikkje fell inn under tiltak som skal vurderast etter forskrift om konsekvensutgreiing.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for bustadbygging. Det er i hovudsak tenkt rekkjehus. Det er ein eksisterande bustad innanfor planområdet, som er tenkt vidareført.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande prosessen. Innspel eller merknader som gjeld løysingar i planen eller særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Fjell kommune saman med planframlegget.

Oppstartsmeldinga ligg òg på Fjell kommune sin nettside under «Kunngjeringar», og på Ard arealplan as sin nettside.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 19.05.2015.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

1. januar 1970
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Reguleringsendring Sætveit

Frist:

7. april 2022

Sætveit

Endring av gjeldande reguleringsplan Sætveit del av gnr. 332 bnr. 176 etter forenkla prosess. På […]

Frist:

27. august 2023

Rollandslia bofellesskap, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan Åsane, Gnr. […]
Varslingskart Austmarka Sør-Solstrand

Frist:

30. september 2022

Austmarka Sør-Solstrand

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast […]
Skautakleiv

Frist:

28. mars 2023

Varsel om oppstart av Skautakleiva- Klokkarvik

I samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast det oppstart av detaljregulering for […]