I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal settast i gong detaljregulering for Stordiket, Nautnes gnr. 6, bnr.22,164 m. fl., Øygarden kommune.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent:
Eikebraate Invest as er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.
Planområdet:
Planområdet ligg sentralt på Stordiket, i eit område som er delvis utbygd med fritidsbustader.
Planområdet er på ca. 22, 2 daa og er vist på vedlagt kart.
Planområdet er satt av til hytter i gjeldande kommuneplan for Øygarden kommune 2006 -2014.
Planområdet grenser mot LNF i alle retningar.
Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for fritidsbustader med nødvendig infrastruktur.
Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknadar som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:
Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Øygarden kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Øygarden kommune saman med planframlegget.
Merknadsfrist:
Frist for merknadar er satt til 17.juni 2013.
Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planforslaget bli utarbeidd, og deretter sendt til Øygarden kommune for sakshandsaming. Etter første gangs sakshandsaming blir planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknadar til planframlegget før vidare politisk handsaming.