Publisert:

Frist er satt til:

3. oktober 2018

Søre Bildøy, Vollvika og Felt nord

Varsel om endring av del av reguleringsplan for Søre Bildøy, Vollvika-gnr 34/bnr 31, 147, Planid: 20060002 og reguleringsplan for Søre Bildøy, Felt nord (34), Planid: 19890005 i Fjell kommune.

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14, varslar vi om at vi vil sende inn søknad om endring for deler av reguleringsplan for Søre Bildøy, Vollvika – gnr 34/bnr 31, 147, planid: 20060002 og reguleringsplan for Søre Bildøy, felt nord (34), planid: 19890005 i Fjell kommune.

Endringane i planane omfattar gnr. 34 bnr. 522. Denne tomten er i gjeldande plan regulert til bustad og parkeringsplass. Endringa går i hovudsak ut på å sikre tilkomst til tomtane 1 og 8, utvide tomt 1 og trekke saman tomt 2 og 3. I samband med dette ønsker man også å gjere endringar i føresegn ift. utnyttingsgrad, byggehøgde mm.

Reguleringsplan og endring av reguleringsplan:

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande reguleringsføresegn og planskildring som angjev bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved bystyrets vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak. Endring av reguleringsplan følger i utgangspunktet de same reglene som ved utarbeiding av detaljregulering, men det er opna for ei enklare prosess. Dette vil omfatte endringar som ikkje har nemneverdig betydning for noko av de råka partane eller interessene. Ved slik endring skal saken leggjast fram for aktuelle myndigheiter. Vidare skal eigar/fester av direkte råka eigedomar gjevast moglegheit til å uttale seg.

Tiltakshavar og konsulent:

PAR AS og Foldnes utbygging AS er tiltakshavar. Ard arealplan as er konsulentar for planarbeidet.

Merknader til den mindre endringa/reguleringsendringa:

Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader kan sendast til

Ard arealplan as,

Nygårdsgaten 114,

5008 Bergen

eller på e-post til

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert sendt Fjell kommune saman med framlegg til endring.

Merknadsfrist:

Frist for merknader er satt til 03.oktober 2018.

Vidare saksgong:

Dersom det ikkje kjem inn merknader av betydning er det ikkje krav til utlegging av forslag til offentleg ettersyn, eller kunngjering av endeleg vedtak. Underretning om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader, og eigarar og festarar av eigedomar som direkte vert råka av vedtaket.

Dersom det kjem inn merknader av vesentleg betydning må planen etter første gangs behandling leggjast ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da bli mogleg å komme med merknader til planforslaget før vidare politisk behandling.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

3. oktober 2018
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Forslag utvidet varselkart RAN seglbåthamn

Frist:

1. januar 1970

RAN seglbåthamn

VARSEL OM UTVIDA PLANGRENSE FOR  REGULERINGSPLAN RAN SEGLBÅTHAMN I medhald av plan og bygningslova (pbl.) […]
Varslingskart Tellnes næringspark

Frist:

3. august 2022

Detaljregulering for Tellnes næringspark

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast […]

Frist:

27. august 2023

Rollandslia bofellesskap, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan Åsane, Gnr. […]
Lonaneset bustad

Frist:

22. september 2023

Avgrensa varsel om utviding av detaljregulering Lonaneset bustad – Lonevåg

I samsvar av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast utviding av plangrense for detaljregulering […]