I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14, varslar vi om at vi vil sende inn søknad om mindre endring eller reguleringsendring i reguleringsplan for Solnes gnr. 15 bnr. 4, 8, 18 og 22, i Solund kommune.Reguleringsplan og mindre endring av reguleringsplan
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak. Mindre endring av reguleringsplan følg i utgangspunktet dei same reglane som ved utarbeiding av detaljregulering, men det er opna for ein enklare prosess. Mindre endringar er endringar som ikkje har nemneverdig betyding for nokon av dei råka partane eller interessene. Ved mindre endringar skal saken leggjast fram for dei aktuelle myndigheiter. Vidare skal eigar/festar av direkte råka eigedomar gjevast høve til å uttale seg.
Tiltakshavar og konsulent
Solnes AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.
Planområdet
Området ligg om lag 7 km vest for Hardbakke som er administrasjonssenteret til Solund kommune. Planområdet består i hovudsak av eigedom gnr. 15 bnr. 4. Tilstøytande areal er i kommuneplanen avsett til LNFRN-område. Planområdet er regulert til bustad, konsentrert fritidsbusetnad, næringsbygg og småbåthamn i gjeldande reguleringsplan «Solnes gnr. 15 bnr. 4, 8, 18 og 22.».
Formålet med mindre endring/reguleringsendring
Gjeldande plan for området er Solnes gnr. 15 bnr. 4, 8, 18 og 22, med planid 1412-201203. Intensjonen med endringa er å sikre ei etappevis utbygging av reguleringsplanen, og legg i hovudsak til rette for tre mindre justeringar innanfor planområdet:
- Flytte tilkomst til fritidsbusetnaden nord i planområdet, for å sikre ei etappevis utbygging.
- Utvide område til mellombels rigg og anleggsområde.
- Justere område ut i frå eksisterande bruk.
Konsekvensar av den mindre endringa/reguleringsendringa
Endringane legg til rette for ei trinnvis utbygging av fritidsbustadene. Ny tilkomst legg også opp til ei betre heilskapleg løysning, mtp. terrenginngrep, LNFRN-areal og område med deponerte massar i tilknyting f_PP01. Kaia sør i reguleringsplanen vil også endrast ut i frå kva bruk det er innanfor området i dag.
Merknader til den mindre endringa/reguleringsendringa
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader kan sendast til
Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Solund kommune. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert sendt Solund kommune saman med framlegg til endring.
Merknadsfrist
Frist for merknader er satt til 29.04.2017.
Vidare saksgong
Dersom planen kan gjennomførast som ein mindre endring: Etter merknadsfristen vert forslaget til mindre endring sendt til Solund kommune for sakshandsaming. Det er ikkje krav til utlegging av forslag til offentleg ettersyn, eller kunngjering av endeleg vedtak. Underretning om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader, og eigarane og festarane av eigedomar som direkte råkas av vedtaket.
Dersom planen må tas som ein reguleringsendring: Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte sendt Solund kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gongs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.