Sætveit

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal settast i gong detaljregulering for Sætveit bustadområde, gnr. 32, bnr. 2 m.fl, Jondal kommune. Planid:1227-2013-002.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Solvang/Norheim Invest AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Sætveit nær Jondal sentrum. Arealet ligg vendt mot nord og er på 14,9 daa. Dei geografiske avgrensingane til planarbeidet er synt på vedlagt kart.
Planområdet er satt til bustadområde (dek av B18) i gjeldande kommuneplan for Jondal kommune.
Planområdet grenser mot sjø, eksisterande bustadar og naust.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for attraktive bustadar, regulere kvalitativt gode uteopphaldsareal/leikeareal for bebuarane i området og sikre kvalitetane i strandsona.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknadar som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Jondal kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Jondal kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknadar er satt til 31. mars 2013.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planforslaget bli utarbeidd, og deretter sendt til Jondal kommune for sakshandsaming. Etter første gangs sakshandsaming blir planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknadar til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler