I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8) vert det varsla om utviding av plangrense for pågåande arbeid med detaljregulering for s 3 b Straume sentrum, gnr. 35, bnr. 398 m. fl, Fjell kommune. Arbeidet med reguleringsplanen har no vist at det er naudsynt å utvide plangrensa noko.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og skildringar som syner bruk, vern og utforming av areala. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent:
Trekløveren as er tiltakshavarar.
Ard arealplan as og arkitekt Rolv Eide as er konsulentar for planlegginga.
Planområdet:
Planområdet er del av gnr. 35, bnr. 398 m.fl. i Fjell kommune. Planområdet for S 3 b Straume sentrum er et delfelt definert i kommunedelplanen for Straumeområdet 2005-2018. Planområdet ligger vest for Sartor senter på sørsiden av Rv555. Areala er gjennom kommunedelplanen satt til sentrumsnært område og det er opna for både bustader, kontor, hotell og allmennyttige føremål med krav om at minst 50 % av bruksarealet skal vere bustader.
Grunna justerte grensar mot Rv. 555 i godkjent reguleirngsplan for Sotrasambandet vert det naudsynt å utvide planavgrensinga i denne detaljreguleringsplanen for å tilpassa seg reguleringsplanen for Sotrasambandet. Ein har i tillegg teke med skråninga i nord og ein større del av Gjertrudvegen i vest.
Planområdet er om lag 24,7 daa.
Planutvidinga sitt føremål:
Føremålet med utvidinga av plangrensa er å unngå uregulerte områdar mellom denne reguleringsplanen og reguleringsplan for Sotrasambandet og å tilpasse seg kringliggjande planar på ein god måte.
Merknader til varsel om utvida plangrense:
Me inviterer til samarbeid og medverknad i planprosessen. Innspel eller merknader som angår utvidinga og konsekvensar av denne kan sendast skriftleg eller elektronisk til:
Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknader og liknande, inkludert merknadar frå varsel om oppstart av detaljreguleringa i 2012, vert oversendt Fjell kommune saman med planforslaget.
Frist for merknader er sett til 27.03.2017.
Vidare saksgong:
Etter merknadsfristen vert planforslaget ferdigstilt, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter førstegongs sakshandsaming vert planen sendt på høyring og lagt ut på offentleg ettersyn. Det vil då verte høve til å koma med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.