I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Maimyra, gnr. 42, bnr. 3, m.fl., i Fjell kommune.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent:
Einar Norland er tiltakshavar. Ard arealplan as og Arkitekt Rolf Eide AS er samarbeidande konsulentar for planarbeidet.
Planområdet:
Planområdet ligg på Brattholmen like ved Brattholmen skule. Området ligg knappe 2 km frå Straume sentrum. Området inneheld i dag dels fyllområde, myr og noko spreidd skog
Området er i kommuneplanen for Fjell avsett til framtidig bustadområde. Planavgrensinga følgjer i hovudsak dette formålet, men er tilpassa eigedomsgrenser i staden for formålsgrensa. Det er sett krav til reguleringsplan for heile området samla som òg omfattar eit mindre område på andre sida av vegen Brattholmen. Planarbeidet vil ikkje regulere denne delen, da det ikkje treng sjåast i samanheng med området sør for vegen.
Planarbeidet sitt formål:
Hensikta med planarbeidet er å legge området til rette for nye bustader.
Førebelse vurderingar tilseier at planen vil legge til rette for om lag 90 nye bustader. Det vert regulert for variert bustadsamansetning, med rekkehus og blokkbebyggelse. Endeleg antall og utforming vert avklart i planarbeidet. Sentralt i området vil ein legge opp til å behalde bekkedraget, og nytte det som element i eit tilrettelagt grøntområde, samt til overvasshandsaming. Kulturminner vert sikra i planområdet og området kring bautasteinen vert sikra som grøntområde.
Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:
Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Fjell kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Fjell kommune saman med planforslaget.
Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 19. november 2016.
Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Fjell kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.