I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Luren, gnr. 36, bnr. 10, m. fl. – Foldnes, i Fjell kommune.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent:
Straume Mesterbygg as er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.
Planområdet:
Planområdet ligg på Foldnes i Fjell kommune, om lag 3 km nordvest for Straume. Område grensar til bustader og sjø. Området er i kommuneplanen sin arealdel avsett til bustad, LNF-område og anna byggeområde – naust. Planområdet er på 30,694 daa.
Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for bustadbygging, både frittliggjande og konsentrerte bustader, samt naust.
Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:
Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Fjell kommune saman med planframlegget.
Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 12.04.2014.
Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.