Litle-Sangolt

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for gnr 47 bnr 50, Litle-Sangolt og gnr 50 bnr 4 og 7, Skoge, i Sund kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Skogsvåg Idrettslag er tiltakshavar. Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg langs Austre Sundvegen like søraust for Skogsvåg. Området omkransar Sotra vgs. avdeling Sund og Skogsvåg skule. Planområdet inneheld i søraust Skogsvåg idrettsbane medan området i nordvest er ubygd og består av kupert terreng med skrinn vegetasjon og ein del bart fjell.

Området er i kommuneplanen for Sund hovudsakeleg avsett til tenestyting i nordvest og idrettsanlegg og friområde i søraust. I kommunedelplanen for Skogsvåg er området i nordvest avsett til offentleg føremål der det er krav om reguleringsplan. Noko areal er også avsett til LNF-føremål. Arealet er også omfatta av område for ønska utviding av senterområde. Ein mindre del av området er også avsett til viktige landskaps-turvegdrag/grøntstruktur der bygg- og anleggstilltak ikkje bør tillatast, samt område for og eksponert område (>70moh). I søraust er området avsett til friområde/idrettsanlegg, samt noko omfatta av område for viktige landskaps-turvegdrag/grøntstruktur der bygg- og anleggstilltak ikkje bør tillatast, i tillegg til at dette er markert som eksponert område (>70moh).
I Forvaltningsstyret-Planutvalet blei det i møte 18.06.18 vedteke at Forvaltningsstyret-Planutvalet kan tilrå oppstart av detaljregulering for planområdet. Det vart sendt inn søknad til kommunen om prinsippavklaring for oppstart av planarbeid då det i oppstartsmøte 13.03.18 vart konkludert av administrasjonen at dei ikkje har fullmakt til å tilrå planoppstart i denne saka då planen ikkje vert fullt ut i tråd med overordna plan.

Planen sitt føremål:
Føremålet for planarbeidet er å forbetre og utvide eksisterande idrettsanlegg søraust i planområdet, med mellom anna etablering av nytt tribuneanlegg og opparbeiding av fleire ballbaner med tilhøyrande parkering. Nordvest i planområdet ynskjer ein å leggje til rette for symjehall, innandørs fotballhall og friidrettsarena med tilhøyrande parkering.

Det er i samråd med kommunen vurdert at planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutgreiing § 8 jf. § 10 a) og b). Konsekvensutgreiinga skal særskilt ha fokus på massehandtering,
landskap, eksponering, synlegheit, åtkomstløysingar og forventa trafikkmengd.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Sund kommune. Alle mottekne dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Sund kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 19.oktober 2018.

Vidare saksgong:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Sund kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut