Publisert:

Kolltveit/ Blommen

MINDRE REGULERINGSENDRING AV DETALJREGULERING FOR KOLLTVEIT/ BLOMMEN, GNR. 58, BNR. 94 M. FL., PLANID. 20090020, FJELL KOMMUNEPå vegne av tiltakshavarar Eidegruppen as og Vacuri as, vil Ard arealplan as med dette varsla om mindre endring i reguleringsplan for Kolltveit/ Blommen, gnr. 58, bnr. 94 m. fl., planid. 20090020, bustadområde.

Bakgrunn
Reguleringsplan 20090020 vart vedtatt 26.01.2012 med plankart datert 16.08.2011 og føresegner datert 06.01.2012

Det er gjort ein mindre endring, E1, som vart vedtatt 28.10.2013. Denne endringa har plankart datert 12.12.2013 og føresegner datert 28.10.2013. Denne endringa blei gjort for å endra gang- og sykkelvei langs Fv258 til fortau. Fortau langs Fv258 var i utgangspunktet intensjon frå både planleggar og Statens vegvesen, og det var såleis ein glipp at det ikkje var blitt regulert som fortau.

Forslagstiller ynskjer oppsummert å rette opp fylgjande (meir utførleg grunngjeving finn ein lengre inne i teksten/brevet):

Endringar i plankart:

  • Ein tek ut nemningane «f_» i plankartet for felta BK1-BK6, då det er feil når ikkje bustadfelta skal vere felles etter utbygging.
  • Justering av høgder for veg V9. Vegen er lagt noko om.
  • Justering av høgder innanfor dei ulike delfelta, samt at illustrerande liner for bustadar er tatt ut i plankartet, då desse elles vert oppfatta som juridisk bindande noko som ikkje var tanken i utgangspunktet. Talet på eining skal uansett ikkje overstige det planen er godkjent for.
  • Nemninga for veg er endra frå SV til V.
  • Delfelt f_BK3 og f_BK4 er endra til eitt område BK3 som no omfattar heile området som før var BK3 og 4.

Endringar i føresegna:

  • § 2.3.6 og 2.3.7 takast ut då dei kjem inn under krav i TEK10. Endringa i § 2.3.6 får konsekvensar for §§ 3.1.2, 3.2.2 og 3.6.6.
  • 2.4.1. Ny støyanalyse skal gjennomførast før bruksløyve vert gjeve.
  • § 2.4.2, 2.4.3, 2.4.4, 2.4.7, 2.4.9 og 2.4.10 får inn ordet midlertidig.
  • 2.4.8 får inn ordet innanfor, med presisering om kva bygg dette gjeld som vert råka av faresone for høgspentlina.
  • I § 3.2.1 føyer ein til innanfor og sløyfe ordet rekkehus i tillegg til å få inn fordelinga for einingar innanfor dei ulike delfelta.
  • I § 3.2.3 endrast parkeringsdekning for bustader mindre enn 65m2, då her står 2 bilar per eining medan gjeldande forskrift av 02.89 seier 1 biloppstillingsplass.
  • I § 3.2.3 føyer ein til «bod skal ikkje medreknast».
  • Ny føresegn § 4.1.11 angåande pilar for avkøyrsle, då desse skal vere retningsgivande og ikkje bindande.

Endringane som no gjerast i plankart og føresegner er i samsvar med dagens praksis.

Oppsummert:
Endringane i endringsframlegget søkjer i hovudsak å rette opp i mindre eigna planeringshøgder, for å mogleggjera framtidig estetisk god og terrengtilpassa utbygging av planområdet. Endringa av den interne vegtraseen har òg si bakgrunn i tilpassing til terreng og reduksjon av fyllingar i områda rundt vegen. Endringa vil føre til færre og mindre synlege fyllingar og skjeringar og vil totalt sett gje ein betre tilpassing til eksisterande terreng og landskap.

Elles er det oppretting av planføresegner som har synt seg å vere feil/utdaterte.

Merknadsfrist
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i denne planprosessen. Frist for merknader til framlegga er sett til: 20.01.2015

Tilsvarande

Avgrensa varsel om utviding av detaljregulering Lonaneset bustad – Lonevåg

I samsvar av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast utviding av plangrense for detaljregulering for Lonaneset bustad – Lonevåg, gbnr. 13/157, 13/158, 13/159 m.fl., […]

Eidsøyra

Endring av gjeldande reguleringsplan for Eidsøyra etter forenkla prosess. Reguleringsplan Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande reguleringsføresegn og planskildring som angjer bruk, vern og […]

Utvidelse av Detaljregulering for Lygren Indre

BEGRENSET VARSLING Det vises til varsel om oppstart for reguleringsplanarbeid i januar 2022 for Lygren indre. Planarbeidet ble varsla i tråd med plan- og bygningsloven […]

Molløesmauet

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Bergenhus, gnr. 166, Bnr. 734 m.fl. […]