I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Keilen småbåthamn, gnr. 125, bnr. 44, m.fl. i Lindås kommune.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent:
Marinett Eiendom AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.
Planområdet:
Planområdet ligg i Keila, som er ein øy som ligg heilt nordvest i Lindås kommune. I fjorden vest for planområdet, ligg grensa til Austrheim kommune. Rett med planområdet ligg Brattholmen. For å nå planområdet frå fylkesveg 57 Mongstadvegen, tar ein over Keilesundet bru, og vidare på den kommunale vegen Keilevegen. Planområdet ligg omtrent 4 mil unna Knarvik sentrum.
Planområdet består i hovudsak av eigendommen gnr. 125, bnr. 44. I tillegg er ein eigedom utan matrikkelnummer, noko areal i sjø, ein del av Keilevegen (bnr. 87) og noko areal rundt vegen (bnr. 30) inkludert i planområdet. Vegareal er tatt med for å sikra ein trafikksikker tilkomst til planområdet. Eit stort areal i sjø er tatt med, på grunn av eventuelle ankarfeste for flytebryggene. Plangrensa i sjø kan verta redusert i det vidare planarbeidet.
Det ligg i dag tre lagerbygg og eit kontorbygg i planområdet.
Området er i kommunedelplan for Lindåsneset med Mongstad, avsett til «anna byggeområde» og «hamn». Planområdet er avgrensa på kartet som er vedlagt. Planområdet er på om lag 28 daa, og av dette er om lag 8 daa på land og resten sjøareal.
Planområdet grensar til eit pågåande planarbeid for Keilen vest. Keilen vest ligg sør for planområdet, og var starta opp i 2011. Ein har justert grensa noko ved overgang til denne planen.
Planen sitt formål:
Hensikta med planen er å gjera området tilrettelagt for småbåthamn og lagring av småbåtar på land. Tilkomst vil vere frå Keilevegen som er ein kommunal veg.
Ein vil leggja til rette for bygging av flytebryggar. Det er tenkt tre flytebryggar med plass til rundt 35 båtar totalt. I tillegg vil ein etablere omtrent fire naust sørvest i planområdet. Lagerbygga ynskjer ein å nytta til båtlagring, og planen skal opne for at ein kan etablera nye lagerhaller for båtlagring. Ein vil òg leggja til rette for parkeringsplassar.
Avgrensing av småbåthamn i sjø og eit mindre areal i sør til naust, vurderer ein å justere noko i forhold til kommuneplanen.
Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlige behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:
Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Lindås kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Lindås kommune saman med planforslaget.
Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 11. juni 2015.
Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Lindås kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.