Hosøyvegen småbåthamn

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Hosøyvegen småbåthamn, gnr. 11, bnr. 135, i Lindås kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Stranda Båtforening er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg langs Hosøyvegen, mellom Hosøy og holmane Langholmen og Storholmen. For å nå området tar ein av frå E39 ved Ostereidet og køyrer omtrent 8,5 kilometer nordover på fylkesveg 394 Stranda. Deretter tar ein av fylkesvegen mot nordvest, og køyrer vidare på den kommunale Hosøyvegen. Hosøyvegen er anlagt på ein molo, og koplar Hosøy, samt Storholmen, Langholmen og Grønholmen til fastlandet. Planområdet ligg omtrent 3 mil unna Knarvik sentrum.

Planområdet består i hovudsak av areal i sjø. Det ligg to flytebryggar med båtplassar og nokre skjær i sjøen innanfor planområdet. Eit stort areal i sjø er inkludert i planområdet, på grunn av eventuelle ankarfeste for flytebryggene. Plangrensa i sjø kan verta redusert i det vidare planarbeidet. I tillegg til areal i sjø, er delar av Hosøyvegen inkludert i planområdet. Hosøyvegen består av eigedomen gnr. 11, bnr. 135. Vegarealet er tatt med for å sikra tilkomst til småbåthamna.

Området er i kommuneplanen avsett til eksisterande og framtidig småbåthamn, og område i sjø har omsynssone for friluftsliv. Planområdet er avgrensa på kartet som er vedlagt. Planområdet er på om lag 26,6 daa, og av dette er om lag 2 daa på land og resten sjøareal.

Planen sitt formål:
Hensikta med planen er å gjera området tilrettelagt for småbåthamn med tilknytt parkering. Tilkomst vil vere frå Hosøyvegen som er ein kommunal veg.

Ein vil leggja til rette for ein småbåthamn, som kan byggjast i to trinn. Ein ser i fyste omgang for seg å etablera omtrent 40-50 båtplassar, med ein moglegheit for utviding på eit seinare tidspunkt. Totalt antal båtplassar ser ein for seg kan bli rundt 75 stk. Ein har tenkt å fylla ut i sjø for å kunne etablere parkering i tilknyting til hamna, og det er planlagt 1 parkeringsplass per 3.–4. båtplass i samsvar med kommuneplanen. I småbåthamna tenker ein å tilretteleggje med sitteplassar, trebrygge, ein bod kor ein har moglegheit for å kopla til vatn og straum til hamna, samt skur som kan nyttast til lagring av utstyr til fiske og båt.

Ein vil vurdera ein justering av arealet som er avsett til småbåthamn i kommuneplanen, ved å legge nokon båtplassar på innsida av småbåthamna, mot Hosøyvegen. Slik unngår ein å trekke småbåthamna så langt mot nordvest som ein har moglegheit for i kommuneplanen, og såleis tek ein meir omsyn til hyttenaboane på den nærmaste knausen på Hosøy. Ein slik justering vil og kunne gi småbåthamna betre løye for vind og vêr.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlige behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Lindås kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Lindås kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 12.januar 2016.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Lindås kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut