Heggland II

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Heggland II, gnr. 73, bnr. 10,31 og 57 m. fl. i Os kommune.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Optibo as er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg i Hegglandsdalen i Os kommune like ved Fv 137, rundt 4 km nordaust for Osøyro. Området grensar til Fv 137 i nord, til eit naturområde i vest og sør, samt ei lita elv i sør og i aust til eit industriområde. Planområdet er i kommuneplanen avsett til industri og friområde og er på 45,5 daa.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for ny næringsverksemd.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Os kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Os kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 04.09.2015.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Os kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler