Gamlevegen, Misje

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Gamlevegen, gnr. 59, bnr. 1, m. fl. – Misje, Fjell kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Partner eiendom vest as er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Misje heilt nord i Fjell kommune. Området grensar til FV 561 Skjergardsvegen i vest, spreitte bustad- og naturområder i aust, nord og sør. Området er i kommuneplan for Fjell avsett til LNFR for spredt boligbebyggelse. Planområdet er på ca. 31 daa.

Det er vurdert konsekvensutgreiing av planområdet men det er i samråd med kommunen konkludert med at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrifta. Oppstart av planarbeidet har vore handsama og godkjent i komité for plan og utvikling 12.05.2015, saksnr. 2014/2554 hos Fjell kommune. I saka ligg òg nærare vurdering av planarbeidet mot Forskrift for konsekvensutgreiing.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for nye bustader i planområdet. Omsyn til landskapet og eksisterande bustadstruktur vil verte vektlagt i planarbeidet. Planarbeidet tek høgde for å utarbeide eit planforslag i høve til søknaden handsama av komité for plan og utvikling. Det inneber at det vert regulert seks tomannsbustader og éin einebustad i planen, til saman 13 einingar. Planarbeidet tek òg høgde for å regulere ny gangveg til eksisterande gang- og sykkelveg langs Skjergardsvegen som er knytt til busshaldsplass.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Fjell kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 9. oktober 2015.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut