Fossesjøen

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Fossesjøen, gnr. 25, bnr. 161, 167 m.fl. i Meland kommune med planid 1256 2015 0004.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Vest-Land-Eiendom AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg sentralt ved Fosse nord for Fv. 564, like aust for Krossnessundet. Området ligg om lag 1 km nord for kommunesenteret Frekhaug. Sørlege deler av området inneheld i dag spreidde einebustadar, medan nordlege deler inneheld ikkje utbygde grøntområde med skog.

Det meste av området er i kommuneplanens arealdelen sett av til bustader. I sør er det eit område som er sett av til grøntområde og langs strandsona frå Krossnessundbrua og nordover er det eit område som er sett av til naust. Området er i dag ikkje regulert. I nord grensar planområdet til Reguleringsplan Fv254 frå Hatleberget til Skarpeneset (planid: 20070004).

Planarbeidet sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for nye bustadar av ulik karakter. Det vert også lagt til rette for uteopphaldsareal og naustbygging. Ei førebels vurdering tilseier opp mot 200 nye bustader i området. Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløyse krav til konsekvensutgreiing jf. § 2.3 og 4 i forskrift om konsekvensutgreiing.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Meir informasjon finn ein på nettsida www.ardarealplan.no. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlige behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Planarbeid i området vart varsla i mai 2013, og vert no varsla på nytt med endra plangrenser. Merknader som vart sendt inn i samband med varslinga i 2013 vert ikkje handsama i planforslaget. Dersom ein ynskjer at tidlegare merknader skal verte tatt med i planen, må vi gjerast merksam på det. Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Meland kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Meland kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 7. mars 2016.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Meland kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut