Forlandsvågen

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast oppstart av områderegulering for Forlandsvågen, gnr. 15, bnr. 3, 51 m. fl., Sund kommune.


Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Ankergjengen båtlag v/ Bjarte Forland og Gunnar Ulvøen, Lars Hausberg Båtbyggeri v/ Øyvind Pettersen, Loyal AS v/ Audun Hausberg og B Telle Trearbeid AS v/ Kenneth Mikkelsen, i samarbeid med Sund kommune, er tiltakshavarar.

Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg rundt Forlandsvågen sør i Sund kommune. Planområdet omfattar austområda på vestsida av vågen, bustadfeltet inst i vågen, og næringsområda på austsida.

Plangrensa er sett i samarbeid med Sund kommune, som har sett krav om heilskapleg planleggeing av Forlandsvågen under éin plan.

Planen sitt formål:
Området er i kommuneplan for Sund regulert til bustader og andre bygg og anlegg. Sjøområdet i vågen er regulert som hamn.

Planarbeidet har som mål å regulere eksisterande naust- og bustadområde i høve til dagens bruk, nytt bustadområde og areal for næring i høve til gjeldande reguleringsplan, samt småbåthamn og molo på vestsida av vågen til Vågsholmen.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planen sine løysingar eller som gjeld særlige behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Sund kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Sund kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 1. juni 2013.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Sund kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler