Fagredalen II

Mindre reguleringsendring av planID 20000001 Fagredalen II, gnr/bnr 15/221 m. fl. Fjell kommune.

På vegne av Rolf Harkestad vil Ard arealplan as sende inn søknad om mindre reguleringsendring av deler av planid: 20000001 Fagredalen II, med heimel i plan og bygningslova § 12-14. Endringane Rolf Harkestad ynskjer å gjere omfattar endringar i føresegnene. Hovudsakleg endringar som gjeld tomt 27.

Endringar i forhold til eksisterande reguleringsplan:
Setning som blir lagt til: «Tillate bygd areal (BYA) oppgitt i prosent av tomtearealet, er BYA=30%.» Gjeld tomt 27.
Setninga: «Boligene på tomt 27 skal ha 1 etasje samt eventuelt loft,» skal takast ut.
Setninga: «…med hhv. 2 og 3 rom i hver enhet», skal takast ut. Gjeld tomt 27.
§ 11 er fjerna.

Føresegnene er elles oppdatert etter ny mal frå Fjell kommune. Grunna dette kjem føresegnene i litt anna rekkefølge enn dei gjer i dei gamle føresegnene. Dei har også blitt modernisert der utgåtte omgrep som til dømes bygningsrådet er teke ut. Det er også blitt lagt til nokre nye generelle føresegner som det no er kome krav om.

Verknadar av den mindre endringa:
Tillate bygd areal BYA=30% vil seie at arealet av fotavtrykket til bustader og evt. garasjar på tomt 27 ikkje kan overskride meir enn 30% av tomta sitt totale areal.

At dei to setningane vert teke ut tyder at ein innanfor tomt 27 står meir fritt til kor mange etasjar ein ønskjer på bustadene. Mønehøgda kan likevel ikkje overskride 9 meter. Ein står også friare til å velje kor store bustadene skal vere, og er ikkje låst til at bustadene må vere to- eller treroms bustader.

Dei nye føresegnene refererer til Plan og bygningslova og § 11 vil difor ikkje vere naudsynt å ha med lenger.

Vi inviterer til samarbeid og medverknad i denne planprosessen.

Merknader skal sendast til:
Ard arealplan as
Domkirkegt. 3
5017 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Frist for å gje merknadar til forslaget er sett til: 21.08.2014.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler