Detaljreguleringsplan for Indrevika Feriesenter, Sande i Gulen

I samsvar med plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast det om oppstart av detaljregulering for Indrevika Feriesenter, gnr. 79, bnr. 3, 5, 19 og 33 – Gulen kommune (planID: 4635-2022001).

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande reguleringsføresegn og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Forslagsstillar og konsulent:
Arve Osland er forslagsstillar. Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg ved Indrevika i Sande i Gulen kommune. Området er ein del av ein større eigedom, og planområdet er på ca. 54 daa. Området er i dag uregulert.
Topografien i området består for det meste av bratt terreng med bratte skråningar ned mot fjorden.

Planarbeidet sitt føremål:
Føremålet med planen er å utarbeide eit plangrunnlag for å leggje til rette for etablering av t.d. fritidsbustader og rorbu til utleige, mogleg kiosk/resepsjonsbygg, infrastruktur, naust, badestrand, utkikspunkt, kyststi, småbåtanlegg, bølgjedempar, parkering og leikeareal.
Tilkomstveg som er tenkt til planområdet ligg sør for Sandevegen 5582. Planarbeidet vil vurdere tilrettelegging av ein kyststi innanfor planområdet, samt etablering av badeareal.
Planområdet si avgrensing i sjø er sett for å ha tilstrekkeleg areal for etablering av bølgjedempar. Plangrensa vil trekkast attende når plassering er sett.

Merknader til varsel om oppstart:
Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlege behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
c/o Spaces Media City, Lars Hilles gate 30
5008 Bergen

E-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Gulen kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vert sendt til Gulen kommune saman med planforslaget.
Oppstartsmeldinga ligg òg på Gulen kommune sin heimeside.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 31.12.2022. Fristen er 4 veker i samsvar med forvaltningslova, og utvida grunna juleferie.

Vidare saksgong:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Gulen kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming fram mot endeleg godkjenning i kommunestyret.

Skriv ut