Publisert:

Frist satt til:

1. januar 1970

Fosslid bustad

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Fosslid bustad gnr. 137, bnr. 200, m.fl., i Osterøy kommune (PlanID 12532016006).Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Cruse AS er tiltakshavar. Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområde:
Planområde ligg på vestsida av Osterøy like ved Valestrandfossen sentrum. Planområde ligg vestvendt inst i Valestrandsvågen, i eit etablert bustadområde som hovudsakleg består av einebustader samt nokre fleirmannsbustader. Aust for planområde ligg eit smalt skogsbelte. Det er om lag 7,5 km til kommunesenteret Lonevåg.

Området er i kommuneplanen 2011-2023 sett av til bustadområde. Overordna plan er Områderegulering for Valestrand sentrum (planid 2011003) som vart vedteken lagt ut til 3.gangs høyring og offentleg ettersyn i heradsstyret 29.03.17. Planavgrensinga er sett i tråd med område B12 avsett i områdeplanen.

Planarbeidet sitt formål:
Hensikta med planarbeidet er å legge til rette for eit leilegheitsbygg inkludert tilkomst og infrastruktur. Førebels vurdering tilseier ei blokk med om lag ni bueiningar over tre etasjar, med garasje i underetasje.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlege behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Osterøy kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Osterøy kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 26. juni 2017.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Osterøy kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

1. januar 1970

Tilsvarande kunngjeringar

Varslingskart

Frist:

11. mars 2025

Detaljreguleringsplan for Timrehaugvegen, Gnr./Bnr. 64/906 m.fl

I henhold til plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Timrehaugvegen, Gnr./Bnr. 64/906 m.fl., plan-ID er…

Auredalen varslingskart

Frist:

19. februar 2024

Detaljregulering for Auredalen, Bjørnafjorden kommune

I samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det med dette sendt ut varsel om oppstart for detaljregulering…

Fjellanger næringspark plankart kunngjering

Frist:

15. oktober 2023

Fjellanger næringspark, Alver kommune

I samsvar med plan og bygningslova (§12-8) varslast det oppstart av detaljreguleringsplan for Fjellanger næringspark, gbnr. 104/55 i Alver kommune.…

Frist:

11. august 2023

Utviding av planområde for Stølsmarka

I medhald av plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det varsla om utvida plangrense for Stølsmarka, gnr. 137, bnr.…