Publisert:

Vedlagte Filer:

Galteråsen næringsområde

Galteråsen næringsområde med arealplan ID 46312021002 vart vedteken av Alver kommunestyre 22.06.2023.

Planframlegget legg til rette for etablering av nytt næringsområde i Galteråsen. Området ligg mellom to utbygde næringsområde, og vil såleis bidra til meir næringsaeral i nærleik av eksisterande næringsområde i Alver kommune. Planområdet er i dag ubygd, og det går ein tursti gjennom området.

I overordna plan er området avsett til næring og LNF-areal. Den tiltenkte næringsfunksjonen reguleringsplanen legg opp til, er i hovudsak lagerverksemd og annan plasskrevjande næring. Det regulerast opp til seks næringsareal som kan delast i tomter ved detaljprosjektering.

Problemstillingar i planarbeidet har vore tilrettelegging av turveg i planområdet, redusering av CO2 utslepp, fjernverknad frå kringliggjande LNF område og trafikkløysingar som hindrar gjennomkøyring av tung trafikk.

Fleire referanser

Børøy, Lygra

Alver kommunestyre vedtok den 19. juni 2025 ein ny detaljreguleringsplan for Børøy på Lygra.  

Stavkirkevegen

Stavkirkevegen

Reguleringsplanen for Stavkirkevegen vart vedteke av bystyret i Bergen 22.06.2022. 

Fjellanger næringspark plankart kunngjering

Fjellanger næringspark, Alver kommune

I samsvar med plan og bygningslova (§12-8) varslast det oppstart av detaljreguleringsplan for Fjellanger næringspark, gbnr. 104/55 i Alver kommune.…

Grevlestølen

Grevlestølen

Reguleringsplanen vart vedteken av Voss heradsstyre 16.03.2023.

Tags: